Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ein mann på ein gard her ein stad måtte flytte fjøset sitt tre gonger (sic!) for det var i vegen for dei underjordiske (huldra). Han kunne ikkje skjøne kva det kom av at krøttera hans sprakk unna for unna. Så varskudde huldra han ei natt om at fjøset hans stod rett over matbordet hennes. Mannen tok då og flytta fjøset eit lite stykke bort. Men endå så døydde det ein dyret før og det andre etter, støtt drog dei sjølvkre- perte dyr ned i fjæra, - så var det ein sau eller eit lam, så var det ein kalv eller endåtil ei ku. Ei natt sa huldra til han at fjøset hans stod rett over barnvogga hennes, og det rann så mykje stygt ned på veslebarnet. Jaja, så var det inga anna råd enn å flytte fjøset enno ein gong, og sidan den tid har både, han og krøttera fått vere i fred.
Informasjonom sagnet og kilden