Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Hjå Lars Kvisl uti Vestre Slidre stod husi til meins for dei underjordiske. Ein jole-eftan kom det ein framandkar til Kvisl, og han bad Kvisla-mannen til gjestebods. Han Lars takka han som bodi bar, og vart med. Då han kom uti svalgangen sin, bar det nedover nokre tropper, som han aldri hadde sett før, og straks kom han inn i ei fin stoge. Det var sett fram på eit stort langbord alle slag gode rettar. Men midt på bor- det stod det ei skål som var tom. Mannen undra seg mykje over kvifor den tome skåli stod der. Men han skulde snart få vita det, skal du høyre. Det bar no burtåt bordet til eta. Då dei hadde sett seg, kom det ein brun drope dettande ned i skåli. Då laut Kvisla-man- nen spyrja: "Ko e dette?" Haugakaren svara: "Jau, huse dikka står te meins før me. De brune so ni fate datt, e væte frå kyro dikka. Vil de vera so snille å fløta huse, sko de få go hjølp." Han Lars laut lova dette. Vel han Lars var komen til seg sjølv att, sette han seg føre at han vilde gjera haugafolket til lags. Men so lett hadde han ikkje rive og bygt uppatt hus. Det timra dag og natt, anten han sjølv var på timra eller ikkje.
Informasjonom sagnet og kilden