Tilbake
Sitering
Kort referanse
Trolldrykk. Norske sagn, ID 53632. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53632
Utvidet referanse
Trolldrykk. Norske sagn, ID 53632. ML category: ml6045 (Huldrehornet (Draugen i Vallarhaugen)). Informant: Lars Uppstad. Collector: Torkell Mauland. Place: Hå. County: Rogaland. Archive signature: NFL 17, s. 63f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53632 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53632/
Trolldrykk.
NORSK ORIGINAL
Trolldrykk.
Ein mann fraa Reime var ein gong ute og reid ein kveld. Det bar daa framum ein haug, og der fekk han høyra at det spela og dansa inne i haugen. Han heldt hesten og lydde paa dette, og daa kom det ut ein kar og baud mannen ein drykk av eit sylvhorn. Han kunde skyna at det var Nesheims-trollet som baud skjenk, og han torde ikkje drikka; han heldt hornet upp til munns og letst drikka, men alt det som i var, slo han ned paa marki attyver herdi si. I det same jaga han paa hesten og reid av stad i tenjande tansprang, og sylvhornet heldt han i neven. Daa snudde trollet som hadde kome med skjenken seg aat haugen og ropte so høgt som det vann: «Einbern, Einbern! Mannen reid av med hornet.» Einbern hadde berre ein fot; men han kom med ein gong hinkande som eit skrimsl og sette etter mannen.
Mannen reid so fort som hesten vann springa; men Einbern kom seg endaa fortare fram. Mannen hadde att eit godt stykke til heimen sin, daa Einbern var so tett etter, at mannen vilde ikkje kunna ryma stort lenger. Daa var han ikkje langt fraa den haugen som Reime-trollet budde i.
No var det uvenskap millom Reime-trollet og Nesheims-trollet. Daa Reime-trollet fekk høyra dunen av ridingi og Einbern som sprang, kom det ut or haugen og saag kva som var tids, og daa ropte det til mannen: «Stemn paa arde og ikkje paa garde!» Mannen fylgde raadi; han reid inn paa aakren («det arde»), og der kunde Einbern ikkje fylgja etter; for trolli vaagar seg aldri inn paa aaker.
Paa den maaten slapp mannen burt fraa Einbern og kom heim med sylvhornet; men daa han steig av hesten, fekk han sjaa at det hadde vorte ein snaud flekk bak paa lendi. Det var nokre dropar av trollskjenken som hadde skvotte paa øyken, og so eitrande sterkt var det, at haari var avsvidne.