Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ein gong var det ein mann fraa Undheim som kom ridande heim fraa tinget ein jolaftan. Han kom framum den haugen som Løkje-trollet budde i. Daa tenkte han: «Det skulde vore moro aa vita um det er nokon inne i haugen.» Han heldt hesten og ropte: «Er det nokon der inne, so lyt de vel hava ein skjenk til ein ferdamann i jolehelgi.» Med same han hadde sagt dette, kom trollet ut og rette fram eit sylvhorn med noko drikkande uppi. Mannen tok imot hornet og letst drikka; men han slo innhaldet attyver aksli si, og i det same smurde han til øyken og reid av stad so fort som øyken vann springa. Løkjetrollet sette straks etter og var sprækare en øyken. Mannen var komen mest heim, og daa skilde det lite at trollet var i hælarne hans. Daa hadde Undheims-trollet høyrt braket av kapp-reidi. Det var uven med Løkje-trollet og vilde hjelpa grannen sin, og so ropte det: «Rid paa det arde og ikkje paa det harde!» Mannen tok utav vegen og reid utpaa aakren, og so kom han heim fyrr trollet fekk tak i han. Daa han steig av, fekk han sjaa at det var ein snaud flekk paa øykja-lendi. Det var nokre dropar av trolldrykken som hadde skvotte burt paa lendi, og so eitrande giftige var dei, at haari hadde svide radt av. Annan skade hadde korkje mannen eller øyken lide. Men dei tvo trolli, dei rauk i hop og slost. Uvener var dei, og verre vart det sidan Undheims-trollet hadde rettleidt mannen. Det gjekk paa livet laust, og Undheims-aai vart farga raud av blod. Undheims-trollet var sterkast; elles veit eg ikkje visst kor det gjekk, anten Løkje-trollet vart drepe eller heim-jaga.
Informasjonom sagnet og kilden