Tilbake
Sitering
Kort referanse
Han Tover Ædri. Norske sagn, ID 53644. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53644
Utvidet referanse
Han Tover Ædri. Norske sagn, ID 53644. ML category: ml6045 (Huldrehornet (Draugen i Vallarhaugen)). Collector: Olav Sande. Place: Lærdal. County: Sogn og Fjordane. Year: 1922. Archive signature: NFS Olav Sande 6, s. 3ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53644 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53644/
Han Tover Ædri.
NORSK ORIGINAL
Han Tover Ædri.
Dæ gjekk mange lei'ne te før:
På Ædri budde dæ ein mann, heitte Tover, ein herduge bul.
Var dæ ei Vetle-julaftan, han kom 'tå Øyrinn, og då han kom ridande fram att'igjenom åt ein haug, var det vel, ropad han og spurde, um han kunde få smaka juladrikka deira der inne.
Jau. Kom der ein rugg ut med eit stort sylvstaup og baud honom.
Han Tover skynad, dæ var 'kje plent 'tå beste slaget, dæ som i staupi var; han hadlad dæ te seg, berre letst drikka, slog dæ attum seg, attum hestadovinn, smeiste på hesti og strauk med staupi.
Hinn etter og var komi radt nær inn åt honom.
Då bergad gardsbonden honom, med di han ropad:
"Søk byggåkr, Tover Ædri!"
Og di med var han frelst.
Men hinn kytte illt og sagde: "Etter di du gjorde detta og drog med staupe, skal dæ aldri lukkast korkje fyre deg elder dine!"
Og dæ ha gjenget etter di, segja dei.