Tilbake

Gullhornet

NORSK ORIGINAL

Gullhornet. Der skulde nog bu mangt der inne i Eggjakvalhaugen og, er det fortalt. Ein mann frå Flåm vilde ned å truga deim etter joløl, desse underjordiske der; di at han hadde høyrt, dei skulde hava det so ser um lag godt, dei, so det var 'kje med nokot sutl og skvip dei for. Han for ridande, og di med so ropad han til deim: "Kom ut! Eg vil smaka juløle dikka!" Han slapp venta lenge, karen, fyrr det kom ut ein med eit horn av gull, tremmande fullt med drikka. Flåmsmannen skynad straks, at det inkje var av beste slaget, det som i hornet var, - at det var giftugt. Di so berre letst han drikka; han hallad seg attetter, slog drikka att yver herdi, so det kom ned på lendi åt øykjen, og der brende det upp hår, hud og hold. Di med so smeiste han på øykjen, mannen, og reid det snøggaste, han kunde. Trolli sette etter, og dei var tett atti honom, tak og bil, eit heilt bøle; men det nyttad deim inkje. Då skratlad og log bergatrolli burte i Asberg (på hi sida åt dalen) og tykte det for væl; - dei var nog inkje plent gode vener, dei og huldrefolki på hi sida åt elvi, og di med so unte dei deim det godt. Og so ropad dei til manne: "Rid på byggåker!" Han so gjorde. Og soleides kom han undan deim. Men då vart huldrefolki so rasande, rivande sinnad, at dei ynskte, at det skulde verta ulukka og fatigdom hjå honom og hans ætt i tridje og fjorde lid. Og det vart so og viste seg so og det. Men, då fjorde lidi var ute, vart det berre vælstand og lukka, og gullhornet fekk dei hava i fred.
Informasjonom sagnet og kilden