Tilbake
Sitering
Kort referanse
Kalken i Mokyrkja. Norske sagn, ID 53633. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53633
Utvidet referanse
Kalken i Mokyrkja. Norske sagn, ID 53633. ML category: ml6045 (Huldrehornet (Draugen i Vallarhaugen)). Informant: Jon P. Romundstad. Collector: Martin Bjørndal. Place: Rindal. County: Møre og Romsdal. Year: 1938. Archive signature: NFS Martin Bjørndal 2, s. 158ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53633 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53633/
Kalken i Mokyrkja
NORSK ORIGINAL
Kalken i Mokyrkja.
I Mokyrkja, Orkdalen, har dei eit overlag vent altarstaup.
At dei fekk det bar soleis til:
Eingong kom ein orkdaling ridande forbi Steinshaugen der vegen går nedunder og delvis er skoren ut or haugen. Best det var kom ein liten blåklædd kall med raudhuve og langt grått skjegg ut or haugen. Han bar ei grepaflaske i høgre handa og eit uvanleg stort gylt staup i venstre. Orkdalinga stansa og helsa. Huldrekallen slo i glaset og baud han drikke. Men orkdalingen visste nok betre. Han skvette or staupet attum seg. Ein drope kom på hesteryggen, og der sveid håra av. - Dermed stakk han staupet i lomma, slo på hesten og reid avstad.
"Vent til eg hev fått på meg trillbroka mi!" skreik trollet.
Og lenge varde det ikkje før orkdalingen høyrde dønnet av utysket som var etter han. Hesten flaug det han orka; men no var tussekallen ikkje langt undan. Då høyrde han nokon ropte: "Rid åker! Rid åker!" Han vikte hesten burt på ein åker og fekk litt føremun; for trollet måtte følgje vegen som gjorde ein stor sving. Men so hala det inn på han att. Då såg han at kyrkjedøra på Mokyrkja stod open. Han styrde hesten dit og reid i fullt tann midt inn på kyrkjegolvet, med det same huldrekallen vilde hogge kloa i han.
Men no var han berga. For inn i kyrkja torde trollet seg ikkje.
Orkdalingen gav staupet til kyrkja der dei brukar det enno til altarkalk.