Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53661. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53661
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53661. ML category: ml4070 (Draugen prøver rom). Collector: Johan Hveding. Place: ingen nærmere stedsangivelse. County: Troms. Archive signature: NFL 53, s.43. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53661 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53661/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Ein høvesmann sat i atterromet på båten sin og skar agn
ein kveld. Best som det var, fekk han sjå ein draug i fram-
skotten. Draugen kom attover skrevande, og for kvart rom han
kom til, sa han: "Her høver det ikkje! Her høver det ikkje!"
Men då han kom til agnbeten sa han: "Her høver det!" "Ja,
høver det for deg, så høver det for meg og," sa høvesmannen,
og sette agnsaksa gjennom draugen og ned i beten. Draugen
vart verande der um kvelden med kniven i seg. Næste morgon
dei kom i båten, stod kniven framleis i agnbeten; men det sat
berre ei bruskplata fast med kniven. Draugen, han var borte.
Dette skalkestykke kosta mannen livet um nokre år.