Tilbake

Draugen kårar mannen sin

NORSK ORIGINAL

Draugen kårar mannen sin. Draugen heldt seg i båtane. Han varsla når uvêret kom, eller når ein båt kom ut for stormskade eller anna ulykka. Draugen såg dei ofte i fjæra; han rusla mellom båtar og store tangsteinar. Ein kveld kom ein mann ned i naustet og skulde henta linstam- par åt seg. Då fekk han sjå at draugen fór og rusla i rorbåten som stod utfyre naustdøra. For kvart rom draugen flytta seg attigjennom båten sa han: "Her høv' det ikkje!" "Her høv' det ikkje!" Men då han kom til atterromet sa han: "Her høv' det!" - Dagen etter vart det uvêr, og høvesmannen kom bort på sjøen.
Informasjonom sagnet og kilden