Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ein svenske rodde i Lofot på fiske. Men kvar natt dei låg i land var det nokon som rumstera i båten, så årane ikkje låg rett som dei skulde når morgonen kom. Dette vart svensken arg over. Og so tok han ein bismer og gjekk ned til båten og la seg for å sjå etter kva kar det var som helt på å rumstera i båten um natta. Jau, då det leid på kom det ein draug upp av havet og sette seg i båten, tok årane og less ro. Soleis for han frå rom til rom i båten, og for kvar gongen sa han: "Dæ høve it!" Og so skaut han årane rangsnudd inn i båten. Tilsidst slog svensken etter draugen med bismeren og draugen for på hav. Men dagen etter bleiv svensken ute på havet.
Informasjonom sagnet og kilden