Tilbake

Her høve dæ, sa draugen

NORSK ORIGINAL

Her høve dæ, sa draugen. Eit storbåtlag var på ferd til Lofoten. Det kom storm på og dei laut legja tillands på ein holme, og der vart dei i fleire dagar. Båten sette dei på land, som vanleg var. Men årane fekk ikkje ligja fred. Om dei vart lagde rett om kvelden, når morgonen kom, så var dei snudde att. Høvesmannen la seg då på lur for å sjå etter kven det var, som helt på og rumsterte i båten deira. Då det leid på natta såg han det kom ein draug opp og gjekk inn i båten og tok til å rumstere. Han prøvde i det eine romet etter det andre, men sa: Høve kje. Jau då han kom til høvesmans rommet, sa han: Her høve dæ. Ja høve dæ for de så høve dæ for me og, sa høvesmannen og køyrde ein kveitpik i draugen. Men draugen for på hav berre så morelden gløste etter han. Men om natta kom draugen opp i buda der båtmannskapet låg, og høvesmannen vart dregen på hav av draugen.
Informasjonom sagnet og kilden