Tilbake
Sitering
Kort referanse
"Høve' det deg, så høve det meg!". Norske sagn, ID 53670. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53670
Utvidet referanse
"Høve' det deg, så høve det meg!". Norske sagn, ID 53670. ML category: ml4070 (Draugen prøver rom). Informant: Emil Fredheim. Collector: Finn Myrvang. Place: Andøya. County: Nordland. Archive signature: NFL 91, 46f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53670 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53670/
"Høve' det deg, så høve det meg!"
NORSK ORIGINAL
"Høve' det deg, så høve det meg!"
Det de kalla åttring, var liksom ein "mellating" mellom
sekstring og fembøring. De sette gjerna åttringen i naustet
og lókte att dørene,så han skulle stå godt. Men hos noken var
det slik at når de kom ned og skulle bruke båten igjen, då
fann de han med årane liggande rangveien - det vil seie med
blad'n fram - i staden for at de skulle ligge med blad'n att,
slik fiskarane legg de. Så studerte de på ka dette kunne
komme seg av; og ein gong fann ein kar ut at han skulle
undersøke det. Ja, de var vel gjerna to om det, for de trudde
på all slags trollskap i den tida og var ikkje så dristige! De
gikk ned i naustet ein kveld klokka tolv, og det var mørkt. Best
som det var, hørte de noken ute i støa som kom gåande nokså
tungt. Dørene gikk opp, og ein eller annen heiv seg oppi båten.
Først gikk han i framrommet. La han ut årane der og skulle
prøve å ro; men så sa han: "Her høve' det ikkje". Årane
snudde han rangveien då han la de ifrå seg. Slik fortsette han
til skottrommet, og der var likedans: "Her høve' det meg
ikkje". Årane la han med blad'n fram heile turen attover. Så
kom han på høvedsmannsplassen i bakrommet, og la ut årane
der. Då sa han: "Jau, hér høve' det meg!"
Men ein av de som skulle passe karen opp, hadde då fått seg
ein lang lunn med ei stropp i handa, og han sette i: "Ja, høve'
det deg, så høve' det meg!" og dermed trøska han til drågen
det litje han greidde. Drågen, han velta seg ut av åttringen
og fór utigjønna fjæresteinane. Det var det siste de såg han.
Seinare var båten alltid i orden. Årane låg rettveien.