Tilbake
Sitering
Kort referanse
Draugen slog etter honom med tareleggen. Norske sagn, ID 53672. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53672
Utvidet referanse
Draugen slog etter honom med tareleggen. Norske sagn, ID 53672. ML category: ml4070 (Draugen prøver rom). Informant: Karl Øverås. Collector: Knut Strompdal. Place: Velfjord. County: Nordland. Archive signature: NFS Knut Strompdal 9, s. 24f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53672 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53672/
Draugen slog etter honom med tareleggen
NORSK ORIGINAL
Draugen slog etter honom med tareleggen.
Petter Bangstad i Bindal fortalde at eingong var det ein sømn-
væring , som hadde kjøpt seg ein ny fembøring før Lofotfiske. Då han
med mannskapet sitt segla nordover til fisket, so sette han, so som
vanleg var den tid, upp i Støtt. Dei brukte altid å setja båtane på
land um kvelden den tida, og når dei kom til Støtt tok dei altid fast
for dei vilde ikkje legja til fjords imot natta. Det var fint ver og
måneskinn um kvelden, og høvesmannen gjekk ut i eit eller anna erend.
Han kom til å sjå ned til båten. Då stod det ein framan kar og såg so
nøgje over båten. Og då han hadde sett på båten utvendig ei tid, so
gjekk han upp i båten for liksom å prøva rostellet (roargreidene).
Høvesmannen lika dette berre so måtelegt. Han lura seg ned til båten,
og kom usedd heilt ned til der han stod uppsett. Han fekk då høyra han
som var i båten sat og prata med seg sjølv. Nei her høv dæ kje, sa han.
Og so flytta framankaren seg attover i båten og prøvde alle roma. Men
alle stader sa han at det høvde ikkje. Først då han kom til høvesmanns
romet sa han: Jau her høv dæ. Då vart høvesmannen sint og treiv ein
stake og deisa til med den over ryggen åt framankaren. Han skyna nok
elles kva kar det var. Ja høv dæ for de så høv dæ for me og, sa hø-
vesmannen. Då stupa draugen seg ut or båten og for ned gjennom fjer-
steinane berre so eldgneistane stod etter honom . For framankaren han
hadde hatt på vitjing det var ein draug.
Men i Vestfjorden rauk det up med eit havsens uver, og folka umbord i
båten såg sjødraugen koma etter dei. Han kom so ner båten at han slog etter
høvesmannen med ein tarelegg. Høvesmannen var ein velrøynd ein, og gjorde sitt
aller beste for å koma undan. Men tilsidst nådde draugen til so han
fekk slå av styre for dei, og i det havsens ver det var so nytta det
inkje. Dei fekk ikkje styring på båten og kollsiglde. Dei andre umbord
vart berga, men høvesmannen kom burt.
Ein kall, som heitta Didrik, sa at han skulde ikkje ha slege
til draugen, det måtte han ha skyna var fårlegt.