Tilbake
Sitering
Kort referanse
Brudlaupet på Vigdalsstølen. Norske sagn, ID 53678. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53678
Utvidet referanse
Brudlaupet på Vigdalsstølen. Norske sagn, ID 53678. ML category: ml6005 (Huldrebryllup på setra (Klevarsagnet)). Collector: Sjur Bøyum. Place: Jostedal. County: Sogn og Fjordane. Year: 1933. Archive signature: NFS Sjur Bøyum 5, s. 7. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53678 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53678/
Brudlaupet på Vigdalsstølen.
NORSK ORIGINAL
Brudlaupet på Vigdalsstølen.
Det var eingong ei gjenta på Vigdalsstølen som vart vekke. Det var ein huldrefriar som hadde lokka henne inn i haugen til seg. Huldrekaren vilde plent at dei skulde gifta seg so snøgt som råd var, og dag og time vart fastsett då dei skulde verta vigde. Gjenta likte slett ikkje dette. Ho tigga og bad um ho ikkje kunde nett få snerta heim og snakka med faren sin, og det fekk ho endeleg mot å lova at ho skulde koma att innan ei viss tid. Ho fortalde faren alt, og so vart det avtala soleis at han skulde koma med børsa si og skjota over selet nett i den stundi ho var ferdigpynta til brur. Faren rende til å skaut, og då vart det ei fæl røra inne i selet. Alle huldrefolki rømde ut, og då faren kom inn i selet sat gjenta pynta med sylvkruna og gullarmband og mykje anna sylvstas. Då ropte det inn gjenom seldøri og bad so vent um å få att gullarmbandet, um ikkje anna. Men faren sa beint nei, og bad dei dra sin veg. Men då ropte det innatt eingong til: "Sidan du er so ubeinig, so skal det verta eit tøle i kvart bøle til niande led."
Og soleis har det vore. [------] Kruna er på Bringe i Luster. Dei braut av eit spir på henne eingong, ho har tvo gonger vore send til Bergen til vølings, men ingen der kunde greida å vøla henne.