Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53691. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53691
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53691. ML category: ml6005 (Huldrebryllup på setra (Klevarsagnet)). Informant: Gunhild Vaardal. Collector: Harald Tveit. Place: Sogn og Fjordane. County: Sogn og Fjordane. Year: 1917. Archive signature: NFS Harald Tveit 1, s. 43. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53691 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53691/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Paa garden Vee i Aardal i Sogn var det ei gjente som huldrefolket vilde ta. Ho var paa stølen og hadde berre ein svart hund med seg. So kom dei og vilde stasa henne til brur aat seg. Men hunden gøydde og den svarte hanen heime paa garden gol og guten som var kjærasten hennar vakna og sala hesten, som ogso var svart, og skunda seg til støls. Daa hadde dei stasa henne fullt ferdig men daa dei saag han tok dei til aa riva av henne alt att. Nett brurkruna fekk han kasta tolekniven yver og ho er der enno. Men dei vart so sinte for kruna at dei sa: "Der skal verta eit døle i kvart bøle i nie led." Og so vart det. No skal det vera niande ledet.