Tilbake

Kraksætebrudi.

NORSK ORIGINAL

Kraksætebrudi. På Hausa hadde dei fruns hest og fruns hane (fruns er den fyrstefødde i kvart 3. led, segjer forteljaren). Han Ivar Hausa gjekk i festinga med ho Kari Stavateig som var budeia på Kraksæte. Ein dag høyrde han Ivar at hesten kneggja og hanen gol. Han skyna at eitkvart gale var på ferde med ho Kari sidan hesten kom heim soleis frå stølen. Han sala hesten og reid fram til stølen. Då sa gjenta: "No høyrer eg min festens hest." Huldrefolki heldt på å klæda ho til brur. Då han Ivar kom inn, kasta han stål yver henne. Då ropa dei til han som brudgom skulde vera: "Nyss ho, nyss ho!" Brudi hadde ei nål i munn og huldrebrudgomen sa: "Ho ha bos i munn." So reiv dei av henne belte, men kruna fekk dei ikkje tak i. Han sette henne på hesteryggen, og reid heim. Heile skreidi fylgde etter. Dei kom nærare og nærare innpå honom og vilde gjeva han dram. Han slo drammen attum seg. Det vart flekker som aldri gjekk burt på dovi åt hesten. Då ropa Nipebonden: "Rid i byggåker, rid i byggåker!" Han so gjorde og då hadde dei ikkje makt yver han; men dei ropa til han: "Det skal verta eit tøle i kvart bøle til 9. og 10. led." [ ] Sume segjer at huldrekruna er på Bergens museum og at det vantar eit lite blad i eit spir. Ingen gullsmed i heile lande greider å setja på eit nytt.
Informasjonom sagnet og kilden