Tilbake
Sitering
Kort referanse
Esegiklet. Norske sagn, ID 53713. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53713
Utvidet referanse
Esegiklet. Norske sagn, ID 53713. ML category: ml6005 (Huldrebryllup på setra (Klevarsagnet)). Informant: Synneva Gjerde. Collector: Sjur Bøyum. Place: Balestrand. County: Sogn og Fjordane. Year: 1916. Archive signature: NFS Sjur Bøyum 3, s. 55. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53713 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53713/
Esegiklet
NORSK ORIGINAL
Esegiklet.
I Ytre Ese hadde dei ein svart hest, ein svart hund og ein svart hane. Det var tru paa garden at naar hesten kneggja, hunden gøydde og hanen gol paa ein gong, var det noko som stod paa.
Paa garden var ei fin ung gjenta som dei visste hulderne hadde huglagt. Gjenta var trulova med eldste sonen paa garden.
Ein sumar slidde ho i Esedalen. Daa hende det ein dag at hesten kjeggja, hunden gøydde og hanen gol paa ein gong. Eldste sonen paa garden vart ottefull. Han tok den svarte hesten og reid til Esedalen det hardaste han kunde.
Huldrene hadde teke gjenta og butt henne til brud. Brudebunaden var framifraa fager. - Men ho sat med ei naal i munnen, so huldrekaren ikkje kunne kyssa henne. So lenge han ikkje hadde gjort det, hadde han ikkje all makti yver henne.
Daa guten kom til selbøen, høyrde han søg av huldrer i selet. Han hadde rifla med, og han skaut yver seltaket. Daa krydde det av huldrer kring selet. Og burte vart dei. Men gjenta sat att i sin fagre bunad. Guten vart glad. Han tok gjenta i fanget, bar henne ut or selet og sette henne paa hesteryggen. Han sette seg og paa hesten. Og dei reid heim til Ese.
Det framifraa fine sylvet med den prydelege bunad som huldrene hadde sett paa gjenta, fekk han soleis med seg heim til garden,
Dette brudesylvet vart seinare vidspurt og mykje nytta. Det gjekk under namnet Esegiklet. Men gjenta som bar bunaden heim vart aldri lik seg meir fraa den dag. -