Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53724. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53724
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53724. ML category: ml6005 (Huldrebryllup på setra (Klevarsagnet)). Informant: A. Nordal. Collector: Ola Ryssdal. Place: Gloppen. County: Sogn og Fjordane. Year: 1935. Archive signature: NFS Ola Ryssdal 2, s. 327f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53724 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53724/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Ei jente frå Gjemmestad vart forlova med ein huldregut paa Gjemmestastøyla.
Guten hadde ei syster som var med jenta um sumaren og hjelpte 'enne med å styve og mjelke.
Ja. So kom julafta og då kom Gjemmestajenta vekk. Men so hadde hon ein bror som viste om dette forholdet. Det hadde falle omtrent eit kne med snøve so han såg kor ho hade berest iveg. Han gjekk so inn i stova og ladde børsa og la ein sylvknapp på skotet og la i veg og då han kom på støylen la han seg på seltakje og glore ned gjønå ljoren, som stod open.
Han såg då det sat folk kring bore og jenta sat i hokksæte og va pynta til brur og skulde reise til kyrkje.
Han såg då at korleis han skulde lage det va det 'kje å unngå å treffe ein av spirane på kruna når han skulde skyte.
Men so vart systra var honom på takja og ho forlangte skjul so han ikkje kunne sjå dei og so laut han late skotet gå, og med det same fillt bruggomen i golvet og so la han av take og in i selet. Den tid han kom i seldøra, kom dei berande med bruggomen som var død. Om ei lita stund kom mora te bruggomen og forlangte lykklane te heimen deyra; dei låg att på bora kor ho i forskrekkelsen hadde gløymt dei og bere ho fekk gå inn skulde han få allt som att var i selet, brura og kruna og alt som var på bora og det va mykje både sylvkar og gullkar. Det var bruk i allt, men smøret va det ikkje salt i. Kruna hadde dei te bynn til gullsmen men han va ikkje istand te å setje fast den spiren som mangla. Men kruna og pyntet vart brukt i Gloppa i lange tie fortalde hon besta som var frå Rygg i Gloppa.