Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Finnebergen, Svein i Ur'n (Ura-Svein) og han far var ein gong burtpaa Preststøle og lunna ved. Um kveld'n skulde dei koke graut. Daa dei hadde sett graut'n paa golvet og skulde te ause han upp, der kom det inn ein lit'n gut og gav seg te aa røre i gryta. Daa tok han Svein i Ur'n ein traa og knytte kring veslefingen aat guten, og knytte so traaden i grytehodda, so guten vart hangande fast etter veslefingen. Daa det leid um ei stund, høyrde dei det ropte: "Fatte, kom heimatt!" sa det. Tri gonger ropte det. Men um ei liti stund høyrde dei det small i grytehodda, og gut'n var burte. Ja, karane la seg. Daa det leid utpaa natti, og han Svein vakna, laag han uti grisetro'n utan veggen.
Informasjonom sagnet og kilden