Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

I Nordereng (Lausgarda, S, Land) budde det nokre gamle. Dei var jamt ihop med underjordiske. Ein dag kona sat og baka, kom det inn ein liten gut og bad om ein brødleiv. Ho la ein leiv på hovudet hans. På eit vis vart guten hindra i røra seg. Og med han stod slik, tok det til å vogsa og ropa ute: "Vått! Vått!" sa det. Guten svara: "Je standa bunden". Kor dette meir fauk av, veit eg ikkje å seia deg. Det er liggjande ei diger steinrøys ved husa der i Nordereng.
Informasjonom sagnet og kilden