Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ein gong var det ein sjøorm som hadde lagt seg i Eidsal-sundet (millom Strand og Høgsfjord). Han var so lang at han rokk fraa Oanes til Høle. Folk var so livredde at det gjekk lange tider som dei ikkje torde ro eller sigla paa fjor- darne der ikring. Nie vikor gjekk det som det ikkje var preika med Høle-kyrkja, av di Stranda-presten ikkje kunde koma fram fyr sjøormen. So var det ein sundag at presten og skjussfolki hadde krøkt seg fram inn-med landet og kome til Høle. Daa vart det preika, og presten bad fraa preikestolen at Vaarherre vilde senda ei hjelp. Der kom og ein havhest, og det same dagen. Daa presten kom til Eidsal-sundet paa heimvegen, var heile sundet fullt av blod; men sjøormen var burte, og ingen hev seinare set han der. Dette fortalde far min, og han var komen fraa Høgsfjord, so du kann vita det er aa lita paa.
Informasjonom sagnet og kilden