Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53768. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53768
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53768. ML category: ml4085 (Havhest og sjøorm i kamp). Informant: Per Olsson Øyråker, f.1858, d.1945. Collector: Knut Hermundstad. Place: Vestre Slidre. County: Oppland. Archive signature: NFL 86, s. 102. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53768 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53768/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det skulde og ha vore ein stygg sjøorm ute ved Hamar, i
Mjøsen då måta! Han hadde drive og vilja grave seg inn på
kyrkjegarden der. Folk var uvanleg redde for at so skulde
hende. Tilslutt kalla presten i saman kyrkjelyden til bøn um
at Gud skulde verja dei frå denne styggedomen. Då kom det
ein havhest, og han slost med ormen, so heile viki utafor byen
vart blodblanda. Hesten hadde hogge ormen i hovudet, so det
var stygge ting. Då vart dei endeleg kvitte ormen, og presten
og kyrkjelyden fekk bøni si uppfylt. Ja, då! So sa han far
at det vart sagt.