Tilbake

Sjøormen i Hjelmelandsfjorden.

NORSK ORIGINAL

Sjøormen i Hjelmelandsfjorden. Eit år la sjøormen seg tversøve heile Hjelmelandsfjorden. Han stengde ratt både Garsond og Ølesondet. Der blei det fæla beistet liggjande, så folk inkje konne koma nogen veg tilfjords. Ja, det var farlegt å koma ud på sjøen. Kor longe ormen va? Ingjen vesste det, ingjen hadde set nogen ende på'an. Han rokk frå land til land. I mongeslags boktningar. Folk blei reint øvegjedde øve denne straffadomen. Kyrkjelyden samlas i kyrkja og bad Gud om å ta denne plagå bort frå di. Presten tala varmt og adle var grebne. Då menighedå som var mødt fram, kom ud i kyrkjesvålå høyrde dei havhesten kneggja i Garsond. Gleda var stor. Nå skyna dei, at hjelpå va komå. Den karen vesste rå med ormen, han! Han beid og hogde 'an av på midten, så heile fjorden vart raudfarga av blodet åd ormen. Og aldre har det hendt at det seinare har vore set sjøorm i Hjelmelandsfjorden.
Informasjonom sagnet og kilden