Tilbake

Ormen i Kvitseidfjorden

NORSK ORIGINAL

Ormen i Kvitseidfjorden. På solsida av Kvitseidfjorden, millom Tjovik og den vesle attlagde plassen Holland, ligg Ormfarberget. Og litt lenger uppe ved fjorden – på vestsida – Seglberget. I Ormfarberget – eit stykke ovanfor vassflati – er ei hol reit nett som ein kjempestor orm hadde runne der frå ei tid fjellet hadde vore noko blautvore. Og segni fortel at der for mange hundrad år sidan låg ein orm millom dei tvo nemde bergi,- og endå der er fleire hundrad meter frå den eine sida til hi, so nådde ormen frå berg til berg. Stundom fekk ormen hug til å sola seg, og han rann upp i Ormfarberget – og etter dei mange gonger han rann fram og attende på fjellet, kom den hole reiti som ovanfor er nemnt. Det blei uråd å ro forbi Ormfarberget og ut Fjågesundstraumen då ormen vilde taka alle som for forbi; difor laut dei ro i land ved Tjovik og ganga derifrå til Straumstaue som ligg noko lenger nede ved straumen. Og sume for landvegen frå Sundet, um Holteviki, Brakandalen og til Kilen. Der er sume stader vegsynt enno; og ei bratt lid utum Brakandalen heiter den dag i dag Bystigen, og der kan ein av og til sjå steinhellur som er lagde tilrette som tropp. Det er lett å skyna at ormen i Kvitseidfjorden var mykje til meins for dei mange både bygdefolk og andre, som laut ferdast upp og ut; for det var alt då stor handel med tilreisande handelskarar; sume av dei kom heilt frå Holland. Det var ofte rådleggjing um korleis dei skulde få livet av ormen; men ingen var huga på ein kamp med det store ubeistet. Men då Kvitseidfolki fekk høyra det eine etter det andre av det som munken gjorde – og det var helst sovore som ingen andre greidde – so var det ikkje rart dei kom til å tenkja: "Han og ingen annan kan – ved Guds hjelp – tyna ormen – hell å få honom burt frå Kvitseidfjorden. Difor var det nokre som gjekk til munken og bad um hjelp. Munken (presten) tillyste ein bededag, og då skulde bygdefolket møtast med honom i kyrkja for der å beda Gud um hjelp. Og då dagen kom var det rett mange som reiste til kyrkja. Tvo menn hadde reist ut til Ormfarberget for å sjå korleis det vilde ganga. Og då munken hadde lese og bede ei stund saman med dei andre i kyrkja, fekk dei tvo på Ormfarberget sjå eit ovstort dyr kom symjande ut fjorden. Det likna noko på både hest og ku, og det stemnde beint mot ormen, som gjorde seg ferdig til kamp; men dyret, som hadde høvar so store som trug, spende ormen av midt på, -og snart blei fjorden raud av blod. –Sidan hev ingen set noko til orm i Kvitseidfjorden.
Informasjonom sagnet og kilden