Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Folk skal ha vore so ille ute for sjø-ormen her i fjorden i gamal tid. Det skulde vera so yver laget mange tå dei òg, at det var reint ei rygd. Dei rødde um den orme-ridi både han far og han beste og ho Seselja Stana, dotter hans Mattis. Ormen søkte både båtar og folk, so dei var redde té fara te kyrkje dess- meir. Té slutt vart det so gale at presten måtte taka seg tå det. Han gjorde bøn ifrå kyrkjestolen at fjorden måtte verta spard for denne fæle ulukka. Og so har folk sagt at med same han hadde enda bøni si, kom det ein gruseleg stor fisk med eit blenkjande sverd i bringa og hogg ormane i mask, so sjøen vart raud som blod.
Informasjonom sagnet og kilden