Tilbake
Sitering
Kort referanse
Sjøormen og havhesten. Norske sagn, ID 53759. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53759
Utvidet referanse
Sjøormen og havhesten. Norske sagn, ID 53759. ML category: ml4085 (Havhest og sjøorm i kamp). Collector: Torkell Mauland. Place: Forsand(?). County: Rogaland. Archive signature: NFL 26, s.7. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53759 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53759/
Sjøormen og havhesten
NORSK ORIGINAL
Sjøormen og havhesten.
Ein gong var det ein sjøorm som hadde lagt seg yver
ein fjord og stengde fyr skip og baatar, so det var raadlaust aa
koma til næmaste byen. Dei sette kvasse jarnpiler i framen-
den paa skipi og vilde gjera ende paa han eller jaga han av
paa den maaten. Dei fekk saara han og, so vatnet vart blod-
farga; men burt fekk dei han ikkje. Daa visste dei ikkje onnor
raad en aa halda bønedag i kyrkja. Fraa alle preikestolar
vart det bede um at byen maatte verta berga fraa denne ulukka.
Daa kom det ein havhest inn fraa havet, og so vart det ein
mordisk kamp millom den og sjøormen. Det enda med at sjø-
ormen sette i eit fælt yl og fór til havs. Havhesten sette etter,
og sidan hev ingen set anten sjøormen eller havhesten paa
den staden.