Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53803. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53803
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53803. ML category: ml3035 (Trollkjerringdattera). Collector: Kjetil A. Flatin. Place: Seljord. County: Telemark. Archive signature: NFL21, s80ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53803 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53803/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Ingerid hadde ei sjukdotter som tende hjaa Hjartdalspresten
(herr Povel?). Ho var ung, berre eit baan aa kalle; men var
væl inne i trollkunstine, som ho hadde lært av sjukmori si.
Ein dag hadde dei det so anvint i prestegardskjøkene, og
so bad dei denna gjentungen skunde seg burti vedskjole etter
eit flistrog og kveikje varme under grytune i peisen. Snøgg
som ein vind fór gjentungen til skjole og kom att med eit trog
fullt av flisar, sette det paa aaregrima og mulla nokre ord -
husk! so fór kvar flisi som ho var blaasi utor troge og burt
under gryta og fræste og brann so det dura. Dei andre tenest-
gjentune som saag detta, vart reint fælne og fortalde det til
presten.
No kom presten sjav og yvihøyrde gjentungen, som for-
talde ho hadde lært sovorne trollkunstir av Ingerid, sjukmor si.
Presten hadde hug til aa røyne henne, kor langt ho hadde komi
i svartekonsti, og so spurde han, um ho kunde mjølke ei av
kyrne hans utan aa vera nære dei. Jau, meinte gjentungen, og
so reiste ho og presten tvo eine burt i vedskjole. Presten nemnde
ei av kyrne sine paa namn, og bad gjentungen mjølke. Daa tok
ho tvo knivar og sette inn i veggen, og so byrja ho til mjølke
og tøygje paa knivskafti, og det varde ikkje lenge, fyrr mjølki
sjugi og susa utor skafti for kvart take. Um eit bil segjer
gjenta:
"Ja, no kjem det blod, og daa maa eg ikkje mjølke meir,
elles so daudar kyri!"
"Berre mjølke, du!" sa presten.
Gjenta so gjorde, og blode sjuga utor knivskafti. Sistpaa
segjer gjenta:
"No er kyri longe sea daud!"
Daa sa presten, at det kunde vera nok.
"Kan du mjølke kyri til husmannen min au, daa?" segjer
presten.
"Jau," svara gjenta, og det gjekk daa liksom førr, tilsist
kom det berre blod, og gjentungen mjølka endaa eit bil; so sa
ho, at den kyri au laag daud.
Daa gjekk presten ned i fjose, og kyri som han hadde
nemnt laag daud i baasen. Seinare utpaa dagen kjem hus-
mannen au og klagar seg ille, for kyri hans hadde dauda so
braatt. Presten bad honom gange ned i fjose og taka ei av
kyrne til presten i staden.
No tok presten seg av gjentungen og fekk løyse hennar fraa
trolldomspakti og leide henne innpaa betre fyreset.
"Du er so ung enno, at eg kann hjelpe deg; men sjukmor
di finnst det ikkje berging for," sa presten.
Med presten fortalde ho: "Daa eg og mor sat paa høge
fjøll, kunde me ynskje oss varme ferske brød fraa Danemark,
og so hadde me dei med same."