Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53812. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53812
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53812. ML category: ml6015 (Huldrefolk på julegjesting). Collector: Hallvard Lid. Place: Kviteseid. County: Telemark. Archive signature: NFS Hallvard Lid 2, s. 107ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53812 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53812/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Eg skal no, etter Halvor Bukti, fortelja uppatt segne um "Dei underjordiske på Bragandalen".
Uppe på heidi, rett aust for den gamle Kvitseidkyrkja, ligg Brakandalstoulen innunder nuten av same namn. For mange år sidan låg største garden i Kvitseid der, og heitte då Brattingsdalen. Grannegarden i aust heitte Lindalen. No hev den garden ou blive umlaga til Stoule.
På Brakandalen budde rike folk, og ein skulde tru at folki der var ovnøgde i si stilling; - men det var dei ikkje heilt - allvisst ikkje når joli var ventande; - for jolaftan, i skomingi, laut dei flytja ut or stova - og inn i fjoset, av di ein flokk med underjordiske, so fort som det blei myrkt, kom og skulde hava jolegilde der. - Og Brakandalfolki laut kosta laget - endå dei sjølve ikkje fekk vera med. - Fyrst når det blei ljost joledagsmorgon kunde dei flytja innatt; dei underjordiske laut koma seg av garde fyrr det blei ljost. Men i den tid dei hadde vore der, hadde dei forsynt seg av det beste, både av mat og drikke, som på garden fanst.
Ein jolaftan, so ved middagsleite, kom der ein vegfarande mann til Brakandalen og bad um husvære til næste dag for seg og ein kvitbjørn han hadde med seg. Mannen i huset svara at hus skulde han nok ha' fenge; men det var likevel uråd av di det var jolaftan; for då laut heile huslyden flytja inn i fjoset fyrr det blei myrkt, so huset kunde vera ryddig til dei underjordiske kom.
Denne framandkaren kunde nok meir enn Fadervår - og dertil var han ein motig kar, som hadde sèt noko av kvart fyrr, og han bad endeleg um lov til å bli der med natti.
Utpå kvelden kom det ein flokk underjordiske, og jolelaget var snart i full gong. Framandkaren hadde lagt seg innunder sengi, og isbjørnen låg i skorsteinskråi. Sume av dei underjordiske tok til å steikja kjøt og flesk, og andre bar fram på bordet mat og drikke av det beste som var å finna i huset. Ein av dei underjordiske tok so noko kokande fleskefeitt og slo på snuta av kvitebjørnen, og med same ropa mannen under sengi: "Bit i, kviten! "Bit i, kviten!" - Og med same sette isbjørnen på dei underjordiske, so dei laut på døri so fort som råd.
So reiste framandkaren og henta sjavfolki utor fjoset. Og då kan du vita at dei blei glade og takksame for at dei hadde blive kvitt dei ubodne gjestene.
Jolaftan, det næste år, kom ein av dei underjordiske fram på Brakandalnuten og ropa ned til mannen som gjekk ute i tunet: "Hev du "kvitillen" din no då, mann?" Mannen svara: "Ja, det hev eg, - og no hev han fenge ungar au!" - I tunet gjekk to kvite kalvar, og den underjordiske meinte då at det var ungane av "Kvitellen", og difor ropa han att: "Ja, so kjem me aldri til Brakandalen meir!" Og dermed fòr han sin veg.
Seinare hev ingen korkje høyrt hell sèt noko til dei underjordiske på Brakandalen.