Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53829. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53829
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53829. ML category: ml6015 (Huldrefolk på julegjesting). Informant: Ola Dalshagen. Collector: Knut Hermundstad. Place: Nord-Aurdal. County: Oppland. Year: 1933. Archive signature: NFS Knut Hermundstad 7, s. 32f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53829 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53829/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Uppi Høgesyn (eit fjell) budde han Trond i Høgesyn. Um joleaftan måtte folket på Garde (ogso kalla Åberg) fara burt, for då kom Trond og fylgjet hans og heldt gjestebod. Men ein jolaftan kom det ein fatigmann på garden og bad um hus. Då sa bonden det: "Mø ha ikkje hus sjølve, mø, i natt," sa han. "Dè è dè sama dè, får e berre liggji her lell, e". - Det fekk han. Då kvelden kom, for folket på Garde ut. No hadde framandkaren med seg ein hund. Han låg under omnen. Sjølv la framandkaren seg uppi den øvre sengi. Då det leid utpå kvelden kom Trond i Høgesyn med fylgjet sitt, han. Då Trond kom, sa 'n: "Uff, de lufta Kristimanns blod her!" sa 'n og sette nasen i veret. Han Trond sette seg då i høgsætet, og det vart stort gilde med dei.
Dei som var med han Trond, ofra te han og sa: "Dette øfra e på 'n Trond!" Då skaut han som låg i sengen og sa: "Ja, dette øfra e på 'n Trond!" So sa han te hunden: "Lea de no Kvite-Bjødn!" Hunden fauk upp og jaga dei tå Garde.
Året etter kom dei utpå Høgesyn og ropte nedpå garden: "E 'n Kvite-Bjødn der enno?" - Då svara dei: "Ja, no ligge 'n sjølv sjuande unde øvne". - "Tvi vørte då dikka! Då koma me alder te Åbjør meir." -