Tilbake
Sitering
Kort referanse
Gimsan. Norske sagn, ID 53813. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53813
Utvidet referanse
Gimsan. Norske sagn, ID 53813. ML category: ml6015A (Jul i Halten). Informant: Sigurd Heia. Collector: Ola Ryssdal. Place: Nord-Frøya. County: Sør-Trøndelag. Year: 1932. Archive signature: NFS Ola Ryssdal 3, s. 107ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53813 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53813/
Gimsan.
NORSK ORIGINAL
Gimsan.
Ut på hausten reist det to ungdomar te Gimsan for å driv fiskeri. Det låg fler båta der. Da det lei te jul reist båtlagja hem og desse gutan va dei sist som drog.
No vild gutan ha samma veikj, og da dem hadd lasta båten skulde den yngst av dei hent' nokka i bua som dem hadd glømt, men da han kom ut hadd' den anneren sett fra land og lot den yngsten stå igjen. Han trudd at han som blei att mått svelt ihel, og så fekk han ha veikja for seg sjølv.
Men han som va att stellt seg te ein pilbogje og piler som han satte nålspissar i, og skaut med dei fuglar som for langs med stranna og plukka, vi kalla dem strannalker, og med dette fresta han livet dei dagar som var att te jul.
Annendag jul va det fint veir og da fekk 'n sjå tre svære farkoster som kom segland te Gimsan. Den eine skuld tilhør Halvar Båhaue, den andre Klakksøykjerringa som hadd dottra med. Den trije var fra Storfosna, det er eit skjær der kor det skal bu busekalla, e' hugsa itj namnet på det. Dem tørna for Gimsan, og så bar det til å få ilann kister og kasser og øltynner, og da dem begynt å bær det opp åt bua og vild ha det inn, vist guten itj råd kor han skuld gjør tå seg. Han tok da å krøp opp i ein tå dei øvst briskan og opp gjenom eit firkanta hol i lemmen og gjemt seg der og hadd godt oversyn. - I stua va langbord og der blei det indbragt alt det dei kund rømm av kaker og alt som er brukelig av fine folk. Midt på bore vart presentert ein stor svær gammeldags bolle med øl. Øltynna ble rulla opp te burveggen, og lagt slik at dem kunn sett' ei bøtt under kranen for å tapp øl i ho. Bøtta bar dem in i bua og øst ølet opp i bollen med ei svær kopparøs. Rundt på borde vart sett sølvstaup og disse staupa fyllt dei fra bollen med ei lita aus' i bollen.
Dette låg guten og såg på. Det svei å ligg å sjå på all denne goe mat og drikke, og han spekulert korleis han skuld erobre seg noke julemat. Han tenkt som så: Galt stod det til kva han gjor, det va liv og daue det stod om so han mått prøv lukka. Han tok da bøssa og ei pil med stålspiss fram, og da den eine frua gjekk te døra og bad dem kom in å gå te bords, så tok han nøiagtig sigte på ølbollen, han hadd hørt at stål tok magta fra slikt folk. Han skaut og pila vart sittjand i ølbollen, og da dem fekk sjå det tok dem sølvstaupan og for på dør; men mat og drikk blei ståand igjen på bordet.
"Dette ha eg kjendt på meg heile tia", sa den eine kjeringa, "eg logta Kristifolk da eg kom in døra".
Guten levd så av maten og drikke og var i beste velgåand da folk sist på januari kom ut te vinterfiske. Nokke øl skuld han enda ha att fortelst det. Kjæresten vart han derimot snytt for.