Tilbake
Sitering
Kort referanse
Dei underjordiske på Skogseide. Norske sagn, ID 53815. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53815
Utvidet referanse
Dei underjordiske på Skogseide. Norske sagn, ID 53815. ML category: ml6015 (Huldrefolk på julegjesting). Collector: Svale Solheim. Place: Fusa. County: Hordaland. Archive signature: NFS Svale Solheim 2, s. 24f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53815 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53815/
Dei underjordiske på Skogseide
NORSK ORIGINAL
Dei underjordiske på Skogseide.
Størkersen fortel: I min ungdom var eg lærar eit år i Fusa og budde på Skogseide. Mannen på garden fortalde då um ein merkeleg skikk dei der på garden hadde havt i gamle dagar. Kvar verslejolafta gjorde dei reint til joli; vaska og pynta upp og gjorde alt i stand til helgi. Men då jolafta kom, flutte dei burt frå garden og slo seg ned på ein av grannegardane - og yverlet hus og gard til dei underjordiske so lenge joledagane stod på. Dette hadde dei gjort i mansaldrar.
So ei joleafta medan dei var i lag med å reisa burt, kom det ein framandkar og bad um nattelosji. Mannen på garden sa at det var ikkje so greidt med det, for dei laut sjølve ryma garden for dei underjordiske jolenatti. Den framande meinte på at det gjorde ikkje noko. Fekk han berre lov til å vera der med notti, so skulde han ta vågnaden sjølv. So fekk han då lov til å liggja der.
I myrkningi gjekk framandkaren inn i stova. Han hadde eit spann i handi, og i spannet var altarvin. Korleis han hadde fenge tak i den, er uvisst, men folk helt det for rimelegt at mannen stod i samband med Fusapresten. - Ja, ja, mannen gjekk inn i stova og slo seg ned uppe på beten. Der låg han og venta. Folki på garden hadde stellt til med mat på bordet før dei drog derifrå. Det var flust med jolekost, kjøt og øl.
Då det leid på eit bil, kom dei underjordiske rekkjande inn i stova. Men det var myrkt so mannen på beten kunde 'kje sjå dei. "Kristenmans lukt, kristenmanns lukt", ropa dei. So sette dei seg til bords og tok til å eta. Då tok han på beten til å skvetta altarvin ned på deim. Det var som ein skulde kasta verme på deim. "Kristenfolk, kristenfolk", jamra dei og for på dør.
Seinare kom dei underjordiske aldri meir til Skogseide.