Tilbake

Huldrelagje i Kvamen

NORSK ORIGINAL

Huldrelagje i Kvamen. I Kvamen ha der adle dar vore grovt huldregjengt, kvar biduge julafta laut husesfolkje røma garen, før der kom ei heile huldrehorg, so vilde halda jul der, aa daa kann du vita, dei vildekje ha kristna folk med. Drygde folkje altfyr lengje heima julafto, vart der ein dur aa eit brak burti Kvamsbergje, so dei laut ut på timen, aa dei var fegne tè, dei kom vel derifraa. Ei julafta kom der ein framandkar te Kvamen aa ba um aa faa vera der i julo, dei sa, han sku gjedna faa de, men fortalde, ka tids var, aa at dei sjølve laut røma. Jau, han vilde gjedna vera der korsor aa sjaa, ka fyre seg gjekk. Han fekk seg daa ei ladde rifla, eit drivkvitt laken sveipte han kring seg aa sette seg oppi rondo. Husesfolkje gjekk daa te grannagaren aa sku jula der. Dei hadde set ljos paa bore aa stelt te me smaamatefat aa lutafisk aa mjelkesupa aa alt de bessta, dei hadde te jul; dei tordekje anna. Han uppi rondo sat aa bidde ei stund, men so haure han, de tok te dura aa døna; so vart der eit brak, døro spratt upp aa in kom der fysst eit brurapar, bruro tilhengde me syll aa gull so de glitra aa skjein taa 'ne. So kom brurafylgje, dei bar paa fat aa korgjer aa borøskar aa skaaler av gull aa syll me allslags go mat i. Dei kom so kaute, de var svært, bo karar aa kvennfolk, me kastna sprett, men stygge so Torkar var dei adle ihop, hadde lange, raue naser, sume krøkte upp, sume nè aa sume te siedne. So kom ein gamal stygg ein, større aa styggare hel adle hine, naso va so lange, at ho hong aa dingla neyve bringo, stondo tok han aa putta nasatippen attunde den eine armen sin, so lange var ho. Han heite Tron denna gamlingjen aa var so gamadl aa kruskjen, at dei laut leia han fram te høgsætes. Sist av adle kom der in eit kveinfolk so vænt, at ein aldre sku ha set makjen, de var so de lyste taa ne, ein kunne aldre tenkja seg noko so fagert, han var mest um aa daana, han, so i rondo sat, berre av aa sjaa paa ne. Daa ho kom in, gjore ho eit rykk paa seg, skodde kring aa sa: "Aa fi aa fi aa fivære, her er kristmannslupt i huse"; adle dei andre og te aa vera aa glana, so vart dei vare de kvita uppi rondo. "Bonden sin pus, aa pus, pus, pus" sa dei, tok te læ aa ha moro taa detta. "Vil du ha pylsa, vil du ha kaka" aa kasta maalar upp te han i rondo. So sku dei te aa ofra te han Tron, so sat i hogsete. Kvar kom daa me sitt, "de ofra eg han Tron, de ofra eg han Tron", nevnde so, ka dei vilde gje, hell gav de me de sama. Daa adle var ferige, tok han uppi rondo sikte, "De ofra eg han Tron", sa' han, aa skaut han Tron, so han kanta. Men daa vart der skrik aa alur, sume tok i føtne sume i armadne, sume i haare paa han Tron aa draska han me seg, aa ut igjønno døro sprong dei yve einannen. Gullty aa all stasen sto atte paa bore. Men de sama dei for ut døro, ropte ein: "Stokkete jula i Kvamen iaar". Sia kom hullo aldri meir te Kvamen i julo.
Informasjonom sagnet og kilden