Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

På sume gardar var dei så reint omkomne for trollom julkvelden. Slik var det på Bottheim på Lesja. Kvar julkveld kom det ein trollhop som tok seg hus der, og folket laut røme bort i grannegarden og vera der om natti. Men fyrst laut dei bera på bordet av all julmaten. Gjorde dei ikkje det, vart det sundslegi og øydelagt noko tå kvart i huset. Så var det ein julefta med same dei skulle flytja, det kom ein framandkar til gards. Han bad om hus for natt'n. Kjeringi på garden svara at dei hadde ikkje hus sjølv der, julnatti. 0g så fortalde ho korleis det var. Framandkaren baud seg til å hjelpe dei mot trollskapen, berre han fekk vera der om natti. Folket der rådde han sterkt ifrå det, dei meinte han kom ikkje frå det med livet. Men mannen stod på sitt, og sa at berre han fekk låne hus for natt'n, skulle han nok gjera opp med trollom, og til slut vart det til at han fekk vera. Gardsfolket bar på bordet og flytte bort i grannegarden. Da framandkaren vart aleine, fann han fram ein utumåta stor finnlabb, og stappa nedi han klede av ymse slag. Til slut la han labben i døropet til ein kjøkenbenk, så det såg ut som det skulle liggje nokon der. Så batt han ei snor bort i labben. Når han drog i snori, dunka labben inn i veggen. Så gjekk karen ut og skar seg ein lang stav av rogn som han klauv i sju deler frå eine enden til midt på. Da alt dette var ferdig, tok framandkaren med seg rognestaven og smatt bakom skorsteinen og la seg der. Han hadde ikkje legi lang ridi før han fekk høyre slik ein bjølleskrangel og hestetramp uti garden. Og så for døri opp, og ei skrei med troll kom inn. Dei sette seg inn til bordet og forsynte seg av julmaten. Ei av trollkjeringom - det var vel den fornemste av dei - heitte Ette Mette. Eit av trollom stakk bort til ho ein godbita og sa: «Ette Mette, vil du småkå dette?» Da det lei på ei rid, tok mannen til å dra i snori, så finnlabben dunka i veggen. Da fekk trolli auga på den store foten. Eit gamalt troll med ein nase så lang at det mest kunne bruke han til stav, labba bortåt. «Det må vera stor kar som har så stor fot,» tymta det. «Det skulle vore løyleg å sett karen og.» «Jau, du skal både få sjå og kjenne han,» ropa framandkaren og spratt fram og tok til å slå med den sju-kløyvde staven sin. Trollet freista å rekne slagi tå seg, men greidde det ikkje. For kvar dask mannen gav, vart det sju slag, av di staven var delt i sju. Gamletrollet ropa til dei andre at dei fekk skunda seg ut snøggast dei kunne, dersom denna karen ikkje skulle slå dei i hel alle saman. Det vart ein slik straum i dør'n at dei vart mest fastsitjande. Karen daska og slo. Gamlingen vart sist gjennom døri, og han var så fortulla at han spente borti dørskollen og gjekk på hugu ut gjennom døri. Og mannen var etter og dengde på. Snart hadde heile hopen rymt garden. Om morgon da gardsfolket kom att, venta dei ikkje dei skulle få sjå framandkaren levande. Men han låg og sov i ei seng. Sia den dagen var det fred for trollom på Bottheim julkvelden.
Informasjonom sagnet og kilden