Tilbake

Han gamle Trond.

NORSK ORIGINAL

Han gamle Trond. Det var ein einbølt gard ein stad, og der budde det rike folk; men dei var syrgjeleg forsette av huldrer, so dei aldri fekk vera heime med jolehelgi. Kvar jolenatt kom det ein stor flokk med underjordiske og vilde halda jol paa sin maate; difyr laut mannen taka alle folki sine med seg og flytja av til bror sin som budde paa grannegarden. Han torde ikkje anna gjera, endaa det var ikkje gildt aa vera husvill ei sovori helg; men han visste vel kva ende det vilde taka um han skulde leggja seg ut med huldrepakket. So var det ein jolaftan at folki nett stod reiduge og skulde av aat grannegarden. Daa kom det ein ferdamann og bad um hus. Han hadde fare til sjøs ei tid, og ein hardhaus var han. Men husfolket undra seg og tenkte mest at han ikkje hadde rette vitet. Husbonden sa som sant var at dei hadde ikkje hus sjølve dess meir. Framandkaren hadde vel høyrt, sa han, at dei laut flytja ut or huset, av di huldrerne alltid kom der og heldt jol. Ferdamannen log aat dette; kann henda tenkte han at det var noko dei fann paa, so dei skulde faa honom ifraa seg. Nei, huldrerne var han ikkje redd, sa han, og var det ikkje anna i vegen, so skulde ikkje han syta. Daa so dei andre for av garde, kunde han skyna at det var aalvor korso; men han hadde hug til aa vera i huset og faa sjaa paa leiken, sa han, og det fekk han lov til. So fekk han laana seg ei byrsa, og daa det tok til aa myrkna, gjekk han inn i den store tome stova. Der kraup han uppaa randabiten og lagde seg til aa venta; no var han reint forviten paa kva som skulde henda. Han hadde ikkje lege lengje paa biten fyrr det vart eit staak og styr, so han ikkje turvte vera i tvil um kva det var som kom. Fyrst kom det inn ein stor mann med langt skjegg. So snart han fekk nosi inn i stova, sa han: «Det tevar kristenmanns-tev i huset i dag.» Sidan kom det ein heil flokk med huldrer, og dei saag mangeleis ut. Dei meinte at dette var ikkje noko aa undrast paa; for husfolki hadde nyssens fare sin veg. Daa alle var inn komne, var det fullt av huldrer i stova, og dei heldt eit styr og eit staass, so ein mest kunde verta galen. So var det ikkje lengje fyrr dei tok til aa bera inn-paa bordet. Dei sette inn koppar og kruser og fat, og alt var av. sylv og gull, og dertil so mykje mat at det mest ikkje fekk rom paa bordet, og det var mat som var god og, skulde eg tru. Daa alt var fram bore, sette han med det lange skjegget seg i høgsætet, og dei andre krydde seg kring bordet, kvar dei kunde faa seg eit rom. Daa dei hadde ete eit bil, fekk dei skjenken fram. Dei rette drykkjehornet til han som sat i høgsætet, og sa: «No skjenkjer eg han Trond.» Gamlen tok hornet og sette det fyr munnen; men i det same sa han som sat paa randabiten: «No skjenkjer eg og han Trond!» og so skaut han, so gamlingen rulla ned der han sat. Men daa kann du tru det vart husk! Huldrerne vart so avskræmde at dei spratt upp fraa bordet og sette i eit ramskrik. So tok dei liket med seg og rymde paa dør det fortaste dei vann. Dei hadde ikkje stunder til aa taka med seg alle dei dyre ting som dei hadde sett fram paa bordet dess meir. Etter den dag kom huldrerne aldri meir til den garden, og mannen kunde sidan halda jol i fred og ro paa sin eigen gard.
Informasjonom sagnet og kilden