Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

På Skogseid måtte dei alltid fara frå garden jolekvelden, for då kom jolaskreio, "juletrollene", og skulde bu der. Folket på Skogseid fòr til Knapphole og var der um joli. Eingong kom det ein fatigmann til Skogseid jolekvelden og bad um hus. Men folket svara at dei hade ikkje hus sjølve, for jolaskreio skulde bu der. Men han tagg so lenge at det vart til at dei let han vera der. Mannen hadde hund og byrse med seg. Då folket på Skogseid fòr frå garden, sette fattigmannen seg på vaglebeten og venta på at skreio skulde koma. Då det vart myrkt, kom det inn eit fælt fyljge, og vel inne i stova brølte dei at dei kjende kristenmannalukt. Dei såg ikkje han som sat på vaglebeten, og so tenkte dei at det var etter dei som hadde reist frå garden. Dei tok til å koka og brasa og laga til heilt gjestebod. Dei hadde ein gamall kall til forår. Då dei hadde sett seg til bords, skaut fatigmannen føraren. Jolatrolli gret og jamra. Hunden tok til å bita og slita i trolli, og snart drog heile fylgjet frå garden. Næste året kom dei att jolekvelden, men då var folket ikkje reist frå garden, og trolli spurde um dei enno hadde Kvit (en?) (det var namnet til hunden.) "Ja", sa folket, "og no har han sju ungar, so er mykje sværare enn han". Då trolli høyrde det, drog heile fylgjet burt att, og etter den dagen har folket på Skogseid fått bu i fred der um joli.
Informasjonom sagnet og kilden