Tilbake

Joleskreidi i Kvam

NORSK ORIGINAL

Joleskreidi i Kvam. I Kvam laut folket kvar jolaftan røma huset og dekka bordet åt joleskreidi. So var det ein jolaftan at ein skyttar kom og bad um hus. Han hadde ein kvit hund med seg. Skyttaren, Bratten, bad so vent um han kunde få husvære um natti; men dei svara at det kunde han ikkje få, for dei måtte sjølv reisa burt, joleskreidi kom frå Berefjell og heldt til der. Mannen bad so lenge til han fekk stå i røykomnen. Dei sa: "Du kjem ikkje livande ut atte". Då det leid på kom huldrefolki og sette seg til bords. Under måltidi gjekk hunden burt til dei. Gamlingen som sat i høgsætet, rette fram ein pylsesnapp og sa. "Vil du ha kurv, kvita pus?" I det same skaut skyttaren, og handi datt av. Då ropå dei alle: "No æ han bestefar daue. No æ han bestefar daue". Medan dei bar ut liket sa dei: "D'æ stukkute jul i Kvam i aar". Andre året kom dei att. Då var mannen sjølv att heime. Dei stakk berre nasen inn gjenom dørglytten og spurde: "Ha du Kvitapus i aor og, mann?" "Eg ha to i aor", sa mann. Då for dei hylande ned på isen og køyrde heim på hestar som likna tunnor.
Informasjonom sagnet og kilden