Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

I gamle dagar var det alltid eit beinhus på kyrkjegardane. Og i eit slikt beinhus var det ein gong ikkje trygt. I tussmørkret ein kveld kom to unggutar ranglande om kyrkjegarden, og dei kom til å tala om daudingar. "Du tør itte gå tel beinhuse nå?" sa den eine til den andre. "Itte du heller," svara denne. Og så vart dei ståande og kjekla om dette ei stund. Til slutt vart dei samde om å gå dit begge. Da dei kom inn, fekk dei auge på eit beinrakkel som sto attmed eine veggen. "Tru om han vil smaka ostbetan je har i lomma," sa den eine guten. Tok så ned i lomma og stakk biten i gapet på daudingen. Men om du vil tru det eller ikkje, beinraklet beit til, og om litt namngav han seg. Og han ville at guten skulle gå til ei gjente som han hadde svike og beda om ho ville tilgjeva han. Dette lova så guten. Strast etter ramla beinraklet saman. Og da guten skulle sjå etter, så var alt borte.
Informasjonom sagnet og kilden