Tilbake
Sitering
Kort referanse
Den daude rotna ikkje før han fekk tilgjeving. Norske sagn, ID 53863. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53863
Utvidet referanse
Den daude rotna ikkje før han fekk tilgjeving. Norske sagn, ID 53863. ML category: ml4020 (Død uten tilgivelse). Informant: Gjartrud Olsdotter Eltun, f. 1870. Collector: Knut Hermundstad. Place: Vang. County: Oppland. Archive signature: NFL 55, s. 50f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53863 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53863/
Den daude rotna ikkje før han fekk tilgjeving
NORSK ORIGINAL
Den daude rotna ikkje før han fekk tilgjeving.
På ein heimstad her i Øye var det falle burt eit menneske.
So var nokre på kyrkjegarden og kasta upp grefti. Som dei
grov, kom dei ned på eit godt som friskt lik. Dei tok liket upp
or gravi og reiste det upp innved kyrkjeveggen. So sette dei seg
til eta.
Då var det ein gap tå gravarane som sa til liket:
"Du får koma hit te uss å få de noko mat, du me, Vesin!"
Det var fælt dette, men det skal vera heilt sant!
Då svara den som stod ved kyrkjeveggen:
"Nei, mina kleo era sletne, o min mat e etin! Men vil du
ta dette lummeplagge o springe upp te Kasa. Der råka du ei
gjente. Vil du so fli ho plagge o spørja um ho vil tegje me!"
Denne Kasa-gjenta hadde guten som var lik, svike og jam-
vel fått ein unge med. Gjenta la han for hat og hadde ynskt
at han ikkje skulde rotne i kyrkjemarki.
Gravaren som hadde vore gaput, tok plagget og sprang til
Kasa so fort føtene bar. Det vart nok ikkje noko meir tull med
han. No var det rame alvoret.
Då gjenta berre so vidt fekk sjå plagget som guten kom
med, kjende ho det att. Han kom nok med bod frå guten som
hadde svike henne. Og so sa ho:
"So visst so Gud vil tegje me, so ska e tegje hono."
Då gravaren kom att frå Kasa og ned på kyrkjegarden,
hadde guten som sat lik ved kyrkjeveggen, falle i hop. No var
det att berre ein beinrest.
Soleis sa ho mor det. Var ikkje denne søga rar? At ein skal
bli so hatig og vill at ein ikkje vil tegje einannan!