Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Naar det var noko sers dei hadde tenkt paa fyrr dei døydde, og ikkje fenge sagt det, daa fekk dei ikkje ro i gravi, og daa kom dei att. Ei kona paa Ormestad gjekk att og grov uppetter dørkarmen um næterne. Dei spurde kva det var ho leitta etter, og daa sa ho at det var ein dalar ho hadde stukke inn attmed døri. Ho hadde agta han til ei dotter si som var burtgift, men ho hadde ikkje fenge sagt det fyrr ho døydde, og no kunde ho ikkje finna han att. Dei fann fram dalaren, og gav han til henne som skulde hava han, og sidan fekk dei fred for kona.
Informasjonom sagnet og kilden