Tilbake
Sitering
Kort referanse
Sokneprest Kaurin døypte ungen som gret i Hedals-bakkane. Norske sagn, ID 53074. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53074
Utvidet referanse
Sokneprest Kaurin døypte ungen som gret i Hedals-bakkane. Norske sagn, ID 53074. ML category: ml4025 (Utburden får navn). Informant: Gunhild Kyrkjebakken. Collector: Knut Hermundstad. Place: Sør-Aurdal. County: Oppland. Archive signature: NFL 75, s. 93. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53074 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53074/
Sokneprest Kaurin døypte ungen som gret i Hedals-bakkane
NORSK ORIGINAL
Sokneprest Kaurin døypte ungen som gret i Hedals-bakkane.
Ut i Hedals-bakko skulde det ha vore drepe ein unge. Når folk for der seint om kveldane, høyrde dei ofte slik ungejammer. Dette hadde nokre tala om til presten Kaurin. Men han trudde ikkje noko på det.
"Det skulde være morro å høre det," sa han til dei som tala om slik ungejammer til han.
So var det ein dag han for utetter dalen og skulde halde messe i Hedale. På attendeferdi tok det til å bli noko seinvore på dagen. Då han kom opp i Hedals-bakkatn, fekk han brått høyre ein slik ynkeleg gråt og jammer. So steig presten or spiss-sleden og vilde gå nærare dit lætet kom frå. Men stødt kvarv det som gret, unna. Då sa Kaurin:
"Er det gutt, skal han hete Knut. Er det jente, skal hun hete Kari!"
Det gret då han sa Knut, men då han sa Kari, vart det kurt.
So bad Kaurin om at ungen som hadde gråte, skulde få det godt.