Tilbake
Sitering
Kort referanse
Tusse-gangaren. Norske sagn, ID 53865. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53865
Utvidet referanse
Tusse-gangaren. Norske sagn, ID 53865. ML category: ml6035 (Skjære åkeren). Place: Telemark. County: Telemark. Archive signature: NFS Kl. VII, s. 133. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53865 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53865/
Tusse-gangaren
NORSK ORIGINAL
Tusse-gangaren.
Paa Austenaa nordigard i Fjaagesund er det tri underlege sylvskeier. Dei er stutte og med rundt blad, skafti er utgravne i rosor. Og so er desse ordi rita inni deim: "Gudbrand Olufsen. Gud trøste alle bedrøvede hjerter".
Desse skeier skal ha kome til Austenaa paa denne maaten: Paa Austenaa er ein aaker der heiter Gullbring. Ein gong i dei gamle gode dagar hadde Austenaa-bonden fordrygt seg med skuren paa Gullbring. Han stod rapande skjær.
No vilde Austenaa'en gjera dugnad paa skuren. Og til det hadde han bryggja ei heil tunna malt. Det stod nett i gongen og neste dag skulde det "skakast ned" og tappast paa tunna. Men um natti hadde tussarne vore der og skore heile aakeren, men bunde bandi hadde dei ikkje. Dei laag i haugar utyver baade her og kvar og alle haugarne var like store og passa nett til eit band.
Ja, dette var væl og bra, kan du vita, men so var ølet ogso drukket upp. Berre kveiki laag att paa botnen av kjerret. Og som den eine gjenta vilde taka kveiki fann ho desse tri sylv-skeierne. Dei hadde tussarne lagt att til vederlag for ølet.
Same dagen medan folki gjekk paa Gullbring og batt, høyrde dei det ropa uppi Husefjellet, eit fjell uppum Austenaa-husi:
Me kan alle skjera,
men ingen kan bendil gjera.
Folki saag daa burt paa Husefjellet og daa vart det ei heil skreid tussar. Det var som dei dansa og leika seg lenger og lenger burt. Det var gjentor og gjentungar, gutar og smaagutar, dei vifta med huvor og plagg og let dei finaste lundar og tonar nokon hadde høyrt.
Sist kom det fram ein stor tusse med ei glimande fele og tok til aa spila ein gangar. Han spila lenge og lydt. Og daa slaatten tagna kvarv heile fylgjet som ein solrøyk.
Men gangaren hadde fest seg i hugen paa dei som høyrde honom og dei mintest all sin dag dei tonarne.
Dei kvad slaatten og dei spila han, og han liver den dag i dag. Han heiter Tusse-gangaren.