Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53872. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53872
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53872. ML category: ml6035 (Skjære åkeren). Place: Bø. County: Telemark. Archive signature: NFS Kl. VII, s. 159. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53872 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53872/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Paa garden sudigard Erikstein var ein mann som skulde ha byggaakeren sin skoren. Det var ein stor aaker og han visste ikkje kor han skulde faa hjelp til det. Daa sa han ein dag: "Kunde eg berre faa aakeren skoren, so skulde eg gjerne gjeva burt storstuten min". Natti etter hende det at ein mann for framum. Det var haustmyrkt, so han ingenting saag, men han høyrde folk arbeidde og han høyrde ei røyst som sa: "Alle kan aaker'n skjera, men ingen kan bandi gjera". Morgonen etter var aakeren skoren, men ikkje bunden. Og stuten var burte.