Tilbake

Tusshjelp i skurdonna

NORSK ORIGINAL

Tusshjelp i skurdonna. På ein gard i Gauldal var det så lite arbeidshjelp til skurd- onna. Mannen såg det heile vonlaust. Åkeren var skjerande, og konnet ville ta skade om han vart ståande lenger. Ein kveld var mannen ute og såg på åkeren. Det mona så lite det vesle han sjøl vann på. Han snakka for seg sjøl og klaga og bar seg. Morgonen etter da han kom ut var heile åkeren skoren, men banda var ikkje bundne. Bendil-emnet låg ved sia av kvart band. Borti ein haug ropa eit grannt mål: - Det æ skjørre men itt bøtte. Mannen gjekk da laus på å binda sjøl, og han fekk berga åkeren sin. Skurdfolket hans var av eit slag som ikkje kunne gjera korsteiknet. Derfor vart dei i beit for å binda. Tussane hadde vori hjelpsame i eit knipetak.
Informasjonom sagnet og kilden