Tilbake

Kyrkjebegret på Leka

NORSK ORIGINAL

Kyrkjebegret på Leka. Leka kyrkje stod før i tida på Leknes, ho er flytt derifrå no. Denne soga skulde ha hent i den tida då kyrkja endå stod på Leknes. Det var ein mann frå Leknes, som skulde gå på vitjing til kamrat han hadde på Solsem, solsemmannen dei kalla. Komen til Sandvollan burtanfor kyrkja møtte han ein mann, som kom ridande. Mannen frå Leknes reid han og, og då dei kom jamsides stogga dei hestane sine båe. Det var nett julekvelden og den framande tok op eit beger og baud leknesmannen juleskjenk. Leknesmannen tog begret i handa, det var eit sers fint sølvbeger. Leknesmannen hadde ikkje rett lyst til å drikka noko, som vart bydd av ein heilt ukjend mann, og da han såg nerare på den framande, så var det og noko ved ham, som fortalde at det ikkje var nokon vanleg mann han hadde møtt. Han snudde bratt hesten, kasta skjenken, som var i begret attover seg utan å smaka det, og jaga så på hesten for å koma heim. Men det kom ein drope av det, som var i begret, ned på hesteryggen, og det sveid så, at hesten for tvitam burtetter vegen. Då han reid framom kyrkja, så kasta han begret, og reid så heim. Dette begret skal vera i kyrkja på Leka den dag idag.
Informasjonom sagnet og kilden