Tilbake

Jolebokken

NORSK ORIGINAL

Jolebokken. Ein fiskar paa Fløstranda (Sunnmør) skulde ut og faa seg jolefisk. Daa han kom ned til stranda, stod ein mann der og vinka med handa. Det var ein jolebokk som vilde ha seg skyss ut til bror sin paa Storeskjær (Landegode. Svinøy fyr). Det hadde plassemann ikkje vidare hug paa, men bokken sa: "Berre kom du, eg skal ro, og du kan halda deg godt fast og ause baaten lens med ausekerret." Og mannen so gjorde. Bokken til aa ro, so drevet stod um baaten, og mannen hadde nok med aa halda seg fast og ausa. Daa dei var vel framme, sa bokken: "No legg eg til paa utsida, der som baara er verst, og naar verste rida kjem, legg eg til, og daa maa du ikkje sleppe taket." Og dermed rodde han baaten langt upp paa turre landet. Bro- ren kom og tok imot dem, og baud velkomen til jola og heldt deim i handa, fyrst bokken og sidan mannen. Bokken hadde bede plassemannen ta ein stein i vaatten. "For naar han tek i handa, knip han ho av deg," sa han. Men daa broren kjende kor fast mannen var i neven, sa han: "Er det sopass taa faste kara i folket endaa?" Men sidan var det merke etter fingrane hans i steinen. Dei var der fyrste dag, og andre dag reiste dei attende paa same maaten, bokken rodde og mannen heldt seg fast. Daa dei var framme fekk plassemannen sylvpenger og sylvsaker i ein sekk, so mykje han vann aa lyfte. "Kann du ta meir?" sporde bokken. "Ja, det kann eg," meinte plassemannen. "Aa ja, men det er ikkje værd du tek meir enn du vinn aa bera," sa bokken. Og mannen var no so velnøgd med det han hadde faatt, han. For no var han ein overlag rik mann. So ein ser at bokkane kann vera koselege folk dei óg.
Informasjonom sagnet og kilden