Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ein gong døm kinna i Holberget, kasta jutulen heile smørknoa ned gjenom bakkane og tenkte nok og råkt kjørkja; men ho kom lite grann te sides. Da ho kom inn på den innvigde kjørkjegarden, vart det til ein stein som er viseleg den dag i dag. Så fløtte jutulen åt eit stelle som kallast for Skreiaberga utmed Mjøsa. Ein vinter eit år hell noko slikt seinare, reiste han Ola Jomphola[?] åt Oslo med og etter lass; var "færdamann" kallas. Som han for vegen utmed Mjøsa, møtte han jutulen. Han vilde neva helse på ein gamal kjenning, som skikk og bruk var, Ola kjende til hå sterk jutulen va og tok ein hestesko i handa med det same han nevadrog han; og da klemde han så hardt at hesteskoen bogna. "Jamen finst det handfaste karar enda i Svatsum," sa jutulen. Så spurde Ola han te, koleis han likte seg utpå bygdom. "Det er inte rart," sa han, "for det er ein fantebækk her og når eg ska over den, kjem eg te å væte meg enten på tå ell hel."Det var Mjøsa han meinte.
Informasjonom sagnet og kilden