Tilbake
Sitering
Kort referanse
Svartedauden. Norske sagn, ID 53900. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53900
Utvidet referanse
Svartedauden. Norske sagn, ID 53900. ML category: ml7080 (Pesta med lime og rive). Collector: Knut Strompdal. Place: Vefsn. County: Nordland. Archive signature: NFL 44, s. 91. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53900 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53900/
Svartedauden.
NORSK ORIGINAL
Svartedauden.
Lompnils fortalde at då Svartedauden kom til Vefsn, så var det ein mann som skulle gå over Børefjellet. Oppe på fjellet fekk han høyra ein kar som ropa. Han tenkte først det var ein som hadde fare vill, men det ropa alltid berre eit rop og ikkje tre rop i gongen, såleis som vegville pla gjara. Ropa kom nærare og nærare, og til sist var det liksom han hadde fått roparen på ryggen. Han skjøna då det var Svartedauden han var komen ut for, for han hadde høyrt at denne gjekk i bygdene. Men, tenkte han, han skulle ikkje vera den fyrste som bar han til si bygd, for i Susendalen der han var frå hadde Svartedauden endå ikkje vore. Han tok til å kliva til fjells, og til sist var han komen høgst på Kvigtinden, høgaste toppen på Børefjellet. Då byrja Svartedauden å beda så vakkert på honom at han måtte bera han ned til bygda. Gjorde han det, så skulle han sjølv sleppa dauden, sa han. Mannen greidde ikkje stå imot det tilbodet, men gjekk ned av fjellet med Svartedauden på ryggen. Såleis kom Svartedauden til Susendalen, og så vel gjorde han arbeidet sitt, at då han for, var der ikkje att eit einaste menneskje i heile dalen. Etter Svartedauden hadde rasa ut, så var det ein finnegut som skulle sjå ned i dalen om der var folk å finna. Då han kom attende sa han at han hade sett berre ein soksik (agnmark), det var alt liv han hadde sett. Sidan kalla finnane dalen for Soksikdalen, og av det kjem det at nordmennene kallar det Susendalen.