Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Då Svartedauden for frå Vefsn, så fortelst det at han vart skyssa ombord på ei jekt. Korleis dei fekk han til å fara ombord på jekta, veit ein ikkje, men dei fekk han ombord, og elles var jekta lasta med halm. Komen ut på Vefsnfjorden eit stykke tende dei på halmen, og Svartedauden brann opp saman med jekta. Dei høyrde berre kor det kvinka og gret då jekta med halmen brann.
Informasjonom sagnet og kilden