Tilbake
Sitering
Kort referanse
Svartedauden. Norske sagn, ID 53902. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53902
Utvidet referanse
Svartedauden. Norske sagn, ID 53902. ML category: ml7080 (Pesta med lime og rive). Collector: Sigurd Nergaard. Place: Stor-Elvdal. County: Hedmark. Archive signature: NFL 3, s. 79. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53902 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53902/
Svartedauden
NORSK ORIGINAL
Svartedauden
Daa svartedauden gjekk i dalen, saag dei fyreaat ei kjerring
gjekk med ei rive og ein lime. Der ho brukte riva vart det daa att
folk, men der ho brukte limen døydde dei alle. Sume fortel og ho
brukte limen so jamt at Stenvika og Atneosen vart grannegardar.
Paa desse gardane, er det sagt, høyrde dei ei røyst fraa lufta, som
sa at dei skulde gaa rundt og stella med sjuke og grava ned dei
daude. Sidan kom det daa smaatt um senn folk og bygde upp att
paa gardane.