Tilbake
Sitering
Kort referanse
Søster mi ligg i Mjøsa. Norske sagn, ID 54023. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54023
Utvidet referanse
Søster mi ligg i Mjøsa. Norske sagn, ID 54023. ML category: ml7070 (Kirkeklokker). Collector: Jens Haukdal. Place: Soknedal. County: Sør-Trøndelag. Archive signature: NFL 87, s. 84f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54023 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54023/
Søster mi ligg i Mjøsa
NORSK ORIGINAL
Søster mi ligg i Mjøsa.
I den gamle Soknedal kjørkje var det ei klokke som hadde
så overlag fin ein klang. Kjørkja brann ned vinteren 1932 og
klokka smelta.
Om denne klokka gjekk det mange segner i bygda.
Klokka vart støypt sør i landet og frakta nordover isen
på Mjøsa. Det var på vårparten og det var to klokker i same
transporten. Kvar den andre klokka skulle hen er det ikkje
fortald noko om, men det bar slik til at lasset med den andre
klokka kjørte ned på Mjøsa og vart borte.
Klokka til Soknedal kom vel fram og opp i tårnet. Der
hang ho så gjennom vonde og gode år og kalla bygdafolket
til kjørkje. I klangen og omen bar ho dette ut over dalen:
Søster mi ligg i Mjøsa.
Segna seier at den klokka som sokk i Mjøsa ein gong skal
bli tatt opp av 8 brør som ikkje har søster. Dei må ikkje tala
saman med dei arbeider.
Ein gong har 8 brør freista seg. Det gjekk bra og dei fann
klokka, men da dei fekk klokka opp til båtripa sa den eine:
- No har eg ho!
Da vart klokka blyande tung. Dei hørte ein tung skvulp,
og klokka sokk ende ned og vart borte. Hadde dei ikkje sleppt
ville båten gått rundt.
Alt dei sokna seinare var til fånyttes.